MODS VIKING ARENA 9 JULI 2012

Målrock fikk endelig DumDum Boys

Skrevet av Tommy Larsen - 2010-03-14

Fra før er Bare Egil Band, Sivert Höyem, Bob Hund (S), Black Debbath, Staut, John Olav Nilsen & Gjengen og Bjørn Hellfuck klare til festivalen.

– Dette er eit band vi har ønskt oss lenge, og det er utruleg kjekt at dei no er klare til festivalen, skriv bookingansvarleg Bjørnar Svortevik i Stiftinga Målrock i ei pressemelding.

Han er strålande nøgd med å ha fått bandet til Årdal. Bandet, med Prepple Houmb i front, er kjend for sine solide liveopptredenar gjennom ei årrekke.

Under festivalen i august deltek også Odd Einar Nordheim, under artistnamnet Odd. Han kjem til Målrock med sitt eige materiale og band.

– Etter festivalen i 2009 fann vi ut at vi hadde lyst til å halde på det høge ambisjonsnivået, og då er vi nøydde til å satse litt. Vi vonar Målrockarar av alle slag kjenner si besøkelsestid, for årets festival er ikkje verd å gå glipp av.

 

(nrk)

Tilbake Tilbake Del på Facebook